Vestlandskappleiken vart arrangert i Førde 11.-13. okt. av Gamlebanken Spelemannslag
Vestlandskappleiken 2013
Kappleiken opna med konsert fredagskvelden med ein av Gamlebanken sine eigne utøvarar på hardingfele, Erlend Apneseth.
Gamlebanken Spelemannslag har ikkje arrangert kappleik tidligare, men er alle røynde folkemusikarar. Kappleiksnemnda, dugnadsarbeidarar og dommarar gjorde ein kjempeinnsats gjennom heile helga.
Kappleiksgeneral Ingrid Heieren seier at dei tykte det var deira tur å gjere ein arrangørinnsats. Dette var deira måte å takke lokallaga og tidlegare kappleiksarrangørar på Vestlandet for alt det artige dei har fått vere med på. To av medlemene i Gamlebanken representerer også Naustedalen Spelemannslag.
Det var nærare 400 påmelde deltakarar frå både Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Aldersspennet på deltakarane under kappleiken var frå 8 til 86 år. Naustedalen Spelemannslag var representert i fleire klassar. Toradergruppa spelte til kappleik fredagen og Tradisjonslaget spelte til dans laurdagskvelden. Det vart konkurrert individuelt, i grupper og i dans.
Nytt av året er gruppa «Le Accordeon Rapida» som imponerte publikum. To av utøvarane representerer Naustedalen Spelemannslag. Dei unge utøvarar kom i kontakt med kvarandre på MO-kurset i sommar der Linda Gytri var instruktør.
Vi vil takke Gamlebanken Spelemannslag for eit flott arrangement!
Rigmor Bjørkedal
-leiar i Naustedalen Spelemannslag
Solbjørg Steiro Herstad og Arild Herstad dansar Naustdalsspringar. Sigmund Eikås spelar hardingfele.
La Accordeon Rapide imponerte publikum på trekkspel. Frå venstre Linda Gytri, Jøran Vallestad, Anders Brekke, Hilda Sofie Løken Taklo og Emil Horstad.
Nytt er også Haugum duo med Asbjørg Løken og Rønnaug Lachmann Moen som spelte hardingfele og stilte i open klasse.
Film/ link: Tormod Øvrebø
http://www.youtube.com/watch?v=icQfsVX8d8M
Solbjørg Steiro Herstad og Arild Herstad dansar Naustdalsspringar. Ingrid Schei Stuhaug spelar springar etter Ole Viken