Vestlandskappleiken 2017

Elin Kirsten og Mari Andrea

Naustedalen Spelemannslag leverte

Gratulerer så mykje med gode resultat og kjempeflott innsats under Vestlandskappleiken!

Kirsten og Mari Andrea
Foto frå Fylkeskappleiken i Naustdal

Naustedalen Spelemannslag har all grunn til å vere stolt over å vinne Vestlandskappleiken med Naustdalsspringar.
Det var Kirsten Friis og Maria Andrea Ness som dansa til første plass i Pardans klasse A. Dei dansa til kveding av Elin Grytting. Det er svært kjekt at medlemer frå ulike spelemannslag kan samarbeide om både dans, kveding og spel.
Dansarane fekk også andreplassen med Parhalling frå Dalsfjorden. Arrangørane kunne glede seg over at det var rapportert om godt dansegolv.

Vegard Følling Slettemark markerte seg med ein god 5 plass i spel fele/hardingfele klasse B. Her var det mange dyktige musikarar på deltakarlista.
Emil Horstad deltok med godt spel i Durspel/trekkspel sr. med 2. plass.

I gruppespel runddans var det berre ei deltakargruppe og Einar Eimhjellens Gammaldansorkester fekk 1. plass.
I lagspel runddans var det 6 deltakarlag, der Naustedalen Spelemannslag kom på 2.plass.  

Vestlandskappleiken var eit samarbeid mellom Gaular Spelemannslag og Folkemusikklaget Havbrusen. Dei fekk mykje skryt for eit solid og velfungerande arrangement.

Det var svært godt oppmøte fredagskvelden med dyktige folkemusikarar som Sigrid Moldestad og Linda Gytri. Temaet var «Kaffislabberas med Sigrid og Linda». Kjende og ukjende slåttar. Ny og gamal musikk der dei spelte duokonsert saman for aller fyrste gong.

 

Rigmor Bjørkedal

-leiar i Naustedalen Spelemannslag