Ung Folkedans
Kom og lær å danse folkedans!
Ung-folkedans tysdagar 18.00 i Fosshalla Naustdal.
Ein fin gjeng er samla, og vil gjerne ha fleire med.
Vi håpar å få med så mange som mogeleg av unge / ungdomar som har lyst å lære folkedans. Det er frå 8 år og oppover og blir starta frå grunnivå slik at alle kan vere med sjølv om dei ikkje har dansa tidligare.
Instruktør er Kirsten Friis som er utdanna danseinstruktør i folkedans frå Noregs Ungdomslag og Dansestudiet frå Rådet for folkemusikk og folkedans på NTNU i Trondheim. Friis er også dommar i folkedans på kappleikar lokalt og nasjonalt samt A-klasse dansar.
Helsing Rigmor Bjørkedal
-leiar i Naustedalen spelemannslag
(mob. 91388676)