Takk for i vår
Velkomen att til hausten
Hei, - og takk for ei kjekk tid med UngFolkedans.
Siste øving var tysdag 26. mars. Vi håpar å kunne fortsette med folkedans i Naustdal til hausten. Då kjem vi truleg til å lage to ulike aldersgrupper. Vi håpar at så mange som mogeleg har lyst til å fortsette - så ta gjerne med vener - jenter og gutar som har lyst å prøve.
Det er dessutan mogeleg for alle å vere med på MINI-MO i sommar. Det er eit dagskurs for alle born mellom 6-9 år med Mari Midtli som instruktør.
Det blir song, spel og dans tysdag 9. juli frå kl. 12.00-15.30. De møter kl. 12.00 - oppmøte og lunsj 13.00 - spel, song og dans 15.30 - Program ferdig, mogleg å vere med på middag
De finn meir info om MINI-MO og påmelding på heimesida til Sogn og Fjordane Folkemusikklag
Helsing Kirsten og Rigmor