Sunnfjord Juniorspelemannslag
Det var felles sommaravslutning for alle feleelevar i Sunnfjord 9. juni. Dei spelte saman for første gong, for kvarandre og hadde det kjekt i lag.
Først var det ei lita økt der dei delte seg inn i grupper etter nivå og lærte litt felles repertoar. Musikalske leiarar på samlinga var Ingrid Heieren, Leif Erik Stuhaug og Synnøve S. Bjørset. Alle foreldre var velkomne til å sjå og høyre kva dei hadde lært.
Denne sommaravslutninga var også "kickstarten" på prosjektet Sunnfjord Juniorspelemannslag, eit initiativ frå Ingrid Heieren som er dagleg leiar og Folkemusikkoordinator i Sogn og Fjordane Folkemusikklag.
Heieren vil lage ein sosial og musikalsk møteplass for unge felespelarar i regionen. Målet er ei felles samling ein gong i månaden i tillegg til dei vanlege øvingane, og kjem tilbake med meir detaljar om timeplan.
Takk for ein flott konsert, og god sommar!
Helsing Rigmor Bjørkedal