Siste onsdagsdans for i vår 25.april, men vi har meir på programmet

Sjølv om onsdagsdansen gjer seg for i år har vi fortsatt diverse på programmet:
Vårslepp på Trollstova, øvingar til Kinaturen, besøk heime hos Einar og Marit, og besøk på hytta til Oddleiv
Takk for godt samarbeid med ungdomslaget i Naustdal denne haust- og vårsesongen. Det har vore kjekt å sjå så mange aktive dansarar som møter opp.
Sjølv om onsdagsdansen er slutt denne sesongen, er det framleis mange aktivitetar å glede seg til.
2.mai : Øving til tur til Folkemusikkfestival i Kina og info vedk.visumsøknad kl.19 i Fossshalla
9.mai : Røykesildkveld hos Marit og Einar Eimhjellen
24.mai: Øving til Folkemusikkfestival i Kina kl.19 i Fosshalla
4.juni: Sommaravslutning i hytta på Kråkenest hos Oddveig og Oddleiv Hjellum
8.juni: Vårsleppen på Ramsdalsheia