Reiserute i Skottland
Avreisedag nærmar seg
Laurdag den 30. august reiser Naustedalen Spelemannslag til Skottland for å delta i Vikingfestivalen i byen Largs som ligg på vestsida av landet. Med seg har spelemannslaget dansarar frå heile Sunnfjord slik at det tilsaman blir med 37 personar på turen. Laget skal opptre med to halvtimes program på søndag og reiser deretter på ei tredagers rundreise med buss. Siste dagen før heimreisa skal sunnfjordingane opptre med spel og dans i Edinburg Castle. Heimreise torsdag 4. september.
Einar