Reiseruta er på plass

USA-tur for Naustedalen Spelemannslag i 2016.

Laurdag 24. september kl. 19.30: Ankomst Minneapolis flyplass.




Overnatting i Microtel Inn & Suites by Wyndham Bloomington/Minneapolis.

801 East 78th Street, Bloomington, MN, 55420, USA, ‏‎  Dette hotellet med adresse skal me bruke når me søkjer turistvisum.
Enkeltrom $ US 55 pluss skatt pr. natt. Dobbeltrom  2 sengar $ US 60 pluss skatt pr natt.

Søndag 25. september: Sight seeing, Besøk i Mall of America i Minneapolis. 
Ettermiddag: Gjester hos Det Norske Folkedanslaget i Minneapolis. Workshop, middag og halvtimes konsert/framsyning. 

Måndag 26. september:  Avreise til Brainerd MN. ca 3 timar køyring. 

Danseundervisning på skule (Kirsten og musikk, og eventuelt fleire)
Framsyning i Sagatun Lodge av Sons of Norway.
Overnatting ved to hotell, gruppa vert delt. Americas Best Value Inn Brainerd $ US 90 og Days Inn - Baxter $ US 94 per rom inkludert skatt.

Tysdag. 27. september:  Køyre til  Bismarck i Nord Dakota.  Rein køyretid 5 timar og 10 minutt. Stopp  på Hjemkomst senteret i Fargo, stopp i Jamestown ved Buffalo museet  (verden største bison).  Overnatting i Bismarck ved Comfort Inn.
Pris pr. rom: Enkelt/dobbeltrom $ US 75. og dei med 3 sengar $ US 95. pluss skatt.

Onsdag 28. sept: Avreise til Minot og Norsk Høstfest. ca 2 1/2 time køyring. Framsyning kl. 17.30.  Overnatting på Days Inn, per natt/per rom $ US 65 inkludert skatt.

Torsdag 29.sept. Oppleve Norsk Høstfest. Framsyning om kvelden. Overnatting Days Inn, Minot.

Fredag 30. sept. Avreise til Miles City i Montana, 5 timar rein køyring Overnatting ved Miles City Hotel & Suits. $ US 75 pluss skatt pr. rom.

Laurdag 1. oktober :  Avreise til Livingston. ca 4 timar køyring. Framsyning i Big Timber (35 minutt køyring)  Sons of Norway.
Overnatte på hotel Rodway Inn 3 netter.  $ US 45 inkludert skatt pr. rom/natt. Frukost inkl

Søndag 2. oktober:   Tur til Yellowstone Park - heile dagen. Overnatting Rodway Inn, Livingston.

Mandag 3. oktober:   Besøk hos  Ken Arthun (Anne sin ranchkompis) sin ranch.  Historie  omkring Homestead og middag/burger frå eigen beef om kvelden.  Ta med instrument. Overnatting Rodway Inn, Livingston.

Tysdag 4. oktober:  Avreise til Coeur d'Alene i Idaho. Rein køyring 6 timar. Stop i Butte for (gruvedriften) Overnatting på hotell Super 8. $ US 65 inkludert skatt pr. rom.

Onsdag 5. oktober:  Avreise til Wenatchee, Washington Stat. Rein køyretid 3 timar og 15 minutt. Overnatting på hotell Super 8.  $ US 60 inkludert skatt pr. rom.

Torsdag 6. oktober: Avreise til Kent, Rein køyretid 3 timar. Framsyning i Vesterdalen  Lodge av Sons of Norway. Overnatting Best Western, Kent.  $ US 100 inkludert skatt pr. rom.

Fredag. 7. oktober:   Kent – Seattle 30 minutt køyring. Sight seeing i Seattle. (Fiskemarknaden Pike Place Market, Space Neddle osv)   Dansekveld saman med  Skandia Folkedance Society i Lynnwood som ligg nord i Seattle. Overnatting  på hotell Best Western i Kent.

Laurdag 8. Oktober:  Heimreise fra Seattle/Tacoma flyplass kl. 16.30 (20 minutt frå hotellet til flyplassen).   

Informasjon frå Anne Kvellestad:

Romma er sett i lokal valutta US dollar, fordi det er uråd å vite kva dollaren er i september og oktober, den er på vei ned, noko som er til vår fordel. 

Romma er noko varierte med pris, men vi er utruleg heldige med tanke på Minot og Høstfesten der eit vanleg rom for 2 stk er normalt 130 dollar per natt. også Livingston er ekstremt billeg. Dei fleste hotella har frukost, noko variert, men der ein ikkje er fornøgd er det gode frukost restauranter veldig nær som ein må betale sjølve. Best Western i Kent  har  god og høgstandard frukost.

 

Bussen vert 56 setar med toalett, internett, tv, svært bra standard.