Øving og Korona
På styremøte 5. november vart det diskutert om vi skal halde fram med øvingar og om vi er innanfor Regjeringa sine anbefalingar for å hindre smittespreiing.
Styret meiner vi kan halde fram med øvingar med desse tiltaka:
- Vi må passe på å halde avstand minimum 1 meter
- Ikkje ha felles kaffisevering
- Halde oss heime dersom vi har antyding til symptom
- Oppfordrar til å bruke munnbind ved samkøyring
- Ikkje blande torader og trad-laget - grunna å halde gruppene små. Dersom nokon er med i begge gruppene kan ein ikkje gå på øving hos begge gruppene same dag.
- Loggføre kven som møter på øvingane
- Dersom Regjeringa kjem med råd om mindre grupper enn dette tek vi pause i øvingane.