Norsk-Amerikanske folkemusikarar til Naustdal.
Jeff Anderson er 3. generasjons innvandrar til USA av norsk opphav. Bestefar til Jeff på farssida kom frå Bergenskanten og bestemora frå Lofoten og busette seg som farmarar i Nord-Dakota. Bestefaren spelte fele og knappetrekkspel. Han hadde mange musikalske vener frå Norge som besøkte dei spelte saman med dei.
Seinare flytte familien til Waterville i staten Washington på nordvestkysten av USA der Jeff vaks opp med 9 onklar, tanter og mor og far som alle spelte ulike instrument. Jeff er kanskje den folkemusikaren i USA som aller best har tatt vare på tradisjonen etter dei tidlege innvandrarane frå Skandinavia. Sjølvsagt er musikken hans prega av andre stilartar enn den Skandinaviske, men til skilnad frå andre norsk-amerikanske folkemusikarar har Jeff aldri vore "heime" i Noreg og blitt prega av den folkemusikalske utviklinga som har vore her.
Jeff spelar mykje på skandinaviske festivalar på den amerikanske vestkysten der han opptrer saman med kona Jane som spelar durspel. Jeff gav ut CD-en ”Fiddling In The Family Tradition” i 2000 og saman med Jane, CD-en ”Nordic Spirit” i 2004.
Jeff og Jane Saman med Oddleiv Hjellum i Florø |
2 veker med fullt program
Tysdag 27. september kl. 20.33: Jeff og Jane kom med fly til Bringeland og vart henta av Einar og Marit Eimhjellen. Var innom Horstad skule og helste på toradergruppa som hadde øving, på heimturen.
Onsdag 28. september kl. 20.00: Var med spelemannslaget på onsdagsdansen i Fosshalla.
Jeff og Jane i Florø |
Torsdag 29. september kl 11.30: Konsert 30. minutt på sjukeheimen Florø- Dagtilbodet. Kaffi. Oddleiv og Einar var med.
På spasertur fram Lassehola på Fimland |
Dansespel på Spelemannsfesten i Naustdal |
På Håjen |
Konsert på Førde Helsetun |
Måndag 3. oktober kl. 20.00 i Horstad skule. Øving saman med Naustedalen spml.
Tysdag 4. oktober kl 15.00: Jeff og Jane og Ein. Eim. orkester. Konsert i Førde Helsetun som var open for klientar og andre publikum. 100 frammøtte.
Konsert på Naustdal alders og sjukeheim |
Jeff og Jane saman med Marit Eihjellen |
Fredag 7. oktober: Folkemusikkonsert på Sande av Håkon Høgemo som tilhøyrarar.
Laurdag 8. oktober: Vestlandskappleiken i Sande. Jeff og Jane spelte med Naustedalen Spelemannslag. Søndag
9. oktober kl. 19.00: Tur til Bremuseet i Fjærland. Konsert og dans i Nordfjord Museum i Sandane. Jeff og Jane, Ein.Eim. orkester og Austrheim Musikklag. Gåve frå Gloppen