Naustedalen Spelemannslag

Rigmor mottar prisen

Årets folkemusikkarrangør

Om vinnaren seier jurien mellom anna: Gjennom kontakt med internasjonale folkemusikarar arrangerer dei og jamt konsertar der folkemusikk frå andre land blir presentrert . Til aktiviteten høyer også opplæring av barn og unge, og jamnlege besøk på institusjonar der det blir spelt til dans.

Rigmor mottar prisen
Rigmor Bjørkedal tek i mot prisen på vegne av laget. foto Runhild Heggem

OM VINNAREN SEIER JURYEN:

Vinnaren har ved fast dansearrangement kvar veke i mange år etablert det til å bli ein institusjon i lokalmiljøet, og har gjort ein stor jobb med å presentera folkemusikken og folkedansen sine fortrinn som sosial aktivitet. Psykisk utviklingshemma blir særleg invitert til arrangementet, og får delta både i spel og dans.

Gjennom kontakt med internasjonale folkemusikarar arrangerer dei og jamt konsertar der folkemusikk frå andre land blir presentrert . Til aktiviteten høyer også opplæring av barn og unge, og jamnlege besøk på institusjonar der det blir spelt til dans.

Dei ser på folkemusikken og – dansen som allsidig, og har som mål å nå alle deltakarar og publikum.

Arrangører har gjennom sin aktivitet etablert seg som ein aktør som fremjar likeverd og tilbod for alle, og der folkemusikken og folkedansen kjem til sin rett som ein aktivitet med tydeleg sosial profil. Vinnaren stettar på svært god måte kriteriet for «årets folkemusikkarrangør».

Takk til alle som bidreg

Vi vil spesielt takke Naustal Ungdomslag for samarbeidet ved onsdagsdansen der vi får spele til aktive og glade dansarar.

Sjå FolkOrg si heimeside