Naustedalen Spelemannslag nominert til Årets lokallag 2013

Årsmøtet i FolkOrg var spesielt spennande i år sidan styret hadde nominert Naustedalen spelemannslag til "Årets lokallag 2013"

 

Dei to andre nominerte laga var Hardanger Spelemannslag og Eiker Spelemannslag.  

Prisen vart delt ut på årsmøtet på Hamar 26-28 april til Eiker Spelemannslag for spesielt godt arbeid med revitalisering av lokal folkemusikk - og folkedanstradisjonar.

Vi gratulerer Eiker Spelemannslag og ynskjer lukke til vidare!

Styret i FolkOrg vil med denne prisen heidre det gode arbeidet som blir gjort i mange spelemannslag rundt omkring i landet. Det å bli nominert som eit av tre spelemannslag er inspirasjon til vidare arbeid, og ei anerkjenning av det kulturarbeidet som blir gjort innanfor folkemusikk og folkedans i Naustedalen Spelemannslag.

Lenke til nominasjonen

Rigmor Bjørkedal
-leiar-