Landsfestivalen 2015
Naustedalen Spelemannslag deltok på Landsfestivalen på Lom 2015
Frå fyrste Landsfestivalen i Førde i 1986 og til festivalen på Lom 2015 har Naustedalen spelemannslag delteke kvart år. I år stiller laget som vanleg med eit fyldig mannskap. Vi stiller med 12 hardingfeler, to toradarar, trekkspel, gitar og kontrabass. Laget stiller også med ein dommar i lagspel.
Laget har i mange år hatt kontakt med dei norske utvandrarmiljøa i USA og Canada der dei spelar norsk folkemusikk. Eit resultat av dette er at musikarar frå desse miljøa har delteke saman med laget på fleire landsfestivalar. I år er det ekteparet Claire og David Elliken Vågsberg frå Oregon, USA som deltek med hardingfele.
På sena
Då er det berre å klemme til og gi det vi har...
Marsurka: "Nykkjen" kan du sjå her
Reinlender: "Å jeie no meg for ei kjering eg har fått" kan du sjå her
Gjestar frå USA
Participation in Country Festival in old dance music.
From the first Country Festival in Forde in 1986 and to the festival at Lom 2015 Naustedalen spelemannslag participated in all. This year, participating made as usual with a lot of musicians. We provide 12 fiddles, two toradarar, accordion, guitar and bass. One of the team also judging lagspel.
The team has for many years been in contact with the Norwegian Emigrants in the US and Canada where they play Norwegian folk music. One result of this is that musicians from these communities have participated together with Naustedalen in several country festivals. This year, the couple Claire and David Ellika Vågsberget from Oregon, USA which participates with fiddle.