Kulturreise til Irland våren 2020 UTSATT
Naustedalen spelemannslag reiser på turne til Irland 20. til 26. april 2020.
Denne reisa er utsatt.
Kulturreise til Irland 2020
Naustedalen spelemannslag reiser på turne til Irland 20. til 26. april 2020. Vi landar i Dublin mandag den 20, og køyrer så med buss til Ennis på Vestkysten. Ennis er ein gamal kulturby, og er største byen i Grevskapet Clare. Her vil vi vere i tre dagar med diverse program både som turistar og artistar. torsdag går så turen over øya att til Wexford sør for Dublin. Fredag har vi eit program for elevane på ein skule om dagen, og om kvelden skal vi ha konsert saman med ei lokal visegruppe. Laurdag er Dublin på programmet. Om kvelden vert det Irsk kulturkveld. Det er norsk talande guide på turen. Sundag er det fly attende til Bergen og buss til Førde. Vi reknar med om lag 40 detakarar på turen, og programmet vårt er samansett av musikk, song og dans.
Oddleiv, reiseleiar