Kort opptatering
Hugs at passa må vere klare til 1.juni, slik at vi kan søkje visum
Hei Alle saman!
Programmet har no snart fått si form, og me skal etter kvart øve det inn alle elementa i rett rekkefylgje.
Innan 1. juni må alle ha ordna med passa slik at de kan søkje om turistvisum.
Innan 1. junii reknar eg også med å krevje inn betaling for bussane i Noreg og USA.
Når det gjeld overnatting i USA er det enno usikkert korleis me skal ordne betalinga. Faralappane på flya er det reisebyrået som styrer med. Eg har søkt diverse pengesekkar om stønad til prosjektet vårt, men har enno ikkje fått napp. Store midlar vert det i alle fall ikkje å hale inn. Den 25.sept. har me fått invitasjon til ein danse og programkveld i Minneapolis hos: Det Norske Folkedanslaget and The Fjell og Fjord Norwegian Dancers.
Elles er programmet for det meste avklara. Men nemnda vil vente med å sette opp alle detaljane til seinare.
Oddleiv Hjellum.