Jubileum og plateinnspeling

Hei og godt nytt år.
I fjor var det 70 år sidan spelemannslaget hadde sitt første aktive år.
Det er 50 år sidan laget spelte inn si første plate som var "Slåttar frå Sunnfjord".
På styremøte i spelemannslaget sist torsdag blei det bestemt at laget skal
feire jubileumet både med fest og med utgjeving av ein ny CD.
Når det gjeld CD-plata har styret valt meg, Einar Eimhjellen, som prosjektleiar.


Når det gjeld CD-plata så er arbeidet kome i gang. Eg har vore i kontakt med
Tom Karlsrud om å stå føre opptaka. Han kan komme til Naustdal med
opptaksutstyret og gjere opptaka her. "Slåttar frå Sunnfjord" blei utgjeven
på selskapet Aksent med trekkspelaren Kåre Korneliussen som produsent.
No har trekkspelaren Håvard Svensrud overteke selskapet, og eg har snakka
med han om å gje ut CD-en på Aksent.
"Slåttar frå Sunnfjord" var den første plata med eit spelemannslag som
Aksent gav ut. Plata var også den første som blei gjitt ut med eit
spelemannslag i Sogn og Fjordane og truleg den første (eller ei av dei første).
i heile landet. Det er ikkje aktuelt å spele inn plata før etter sommarferien td. i
sepstember.

Så no må vi moblisere dei musikalske kreftene som laget har- og dei som har vore
med i laget av nolevande musikarar.
Plata "Slåttar frå Sunnfjord" kan du finne på YouTube ved å søke på namnet eller
ein av slåttane som er med td. Torviken. Du kan også finne plate nr 2 som
var "I bryllaup men Naustedalen Spelemannslag".

Helsing Einar Eimhjellen